eg har eit pute-hjarte
det er mjukt og synker
eg vil kjenne hodet ditt og heile verda der inne
kvile på det
og ta ein pause
vil du lukke auga litt?
kom og kvil deg på hjartet mitt
og når du reiser deg opp
og går ut i dagen
sprett det oppatt
i same form
er det ikkje noko sterkt i det
å vere mjuk?

og har vi magneta i oss?
i lungene kanskje
på scenekanten
føtene som dinglar
vil berre puste
vil ikkje sjå berre kjenne
du trudde det slokna
og eg trudde det slokna
til eg lente meg inn
og no er vi her
ord som veltar ut
bølge mot berget

eller funkar det eller ikkje?
ljoset flimrar
her i venterommet

NB! vi vil sjå kvarandre uansett. same hus og same skule.