Forstår ikkje tina. Virka som ho og hadde blackout eller bare faker ho? Men uansett så er det der ute. Kan ikkje vite kven. Kan ikkje vite kor.
a) Etterforske kven som veit, kva som skjer.
b) Late som ingenting sjå om det går over. Fokusere på skulearbeid.
c) Skrive instapost om rykter og korleis det er fucka dårlig gjort å spre det.
d) Bytte skule, grave meg ned i sofaen.
e) Fake død. Dra til Frankrike.
f) Faen faen faen faen faen faen faen faen faen faen faen faen faen. I helvete. ingen har sagt noko da. Ei såg litt rart på meg, men trur det var fordi ho hadde problem med linsa si eller noko for ho dreiv og gnei seg i auget etterpå. Og det er jo helg og folk skal dra heim og kanskje dei berre gløymer det.