Har krangla med mamma.. ho bare vil ikkje at Lasse skal kjøre meg. eg sa at dei måtte jo uansett vere med fordi flyttelasset. men ho «satt ned foten». veit det sikkert er fordi ho vil at de skal kjøre meg fordi det er fint men det er jo fint uansett. jaja. Kan ikkje gjere noko med det. Lasse tok det veldig bra fordi han sa det var litt vanskelig for han å få til. det er Ok. drar jo heim i helgene så ser han da.
uff. så rart at eg snart skal bare bu ein anna stad.
var jo der masse då eg var liten men ikkje på lenge no. googla litt rundt. Tenker på første skuledag. i går fekk eg ein tnake om at kanskje det var feil. at dei kanskje meinte å gi plassen til ei anna med samme navn. Sikkert ikkje sannsynlig.
uff burde si unnskyld til mamma. ho er jo berre litt stressa trur eg. ho bare «det er SÅ FLOTT at du skal
flytte» med sånn smil som er sånn som alle konfirmasjonsbildene mine. Bare ein sånn firkant av tenner.