Hei Lasse. Sorry, men eg syns ikkje det der var noko kult eg.. Du meinte det sikkert fint

Hei Lasse. LOL det var sjukt da. Men serr. Ikkje gjer sånn igjen da.

Hei Lasse.

Hei Lasse. Eg vil berre seie at eg syns at det der var ganske dårlig gjort. Eg skjønner at det kanskje ikkje var meint sånn, men det er ganske teit å sende bilde av penis til nokon som ikkje har bedt om det. Du kan ikkje vite kor eg er når eg opner det og berre tenker at det er ein fin melding frå deg også plutselig har eg det bildet i fjeset. Eg syns og det er så rart for når eg snakka til deg om metoo og alt det der så verka det som du forstod kva eg meinte så eg trudde aldri at du ville sende ein sånn melding. Folk reagerer sikkert forskjellig og eg veit du har hatt kjærester før og dere har kanskje hatt ein greie med å sende sånne bilder, eg veit ikkje, men du kan ikkje anta at det er noko alle vil. Eg er ganske skuffa over at du ikkje tenkte så langt. Det verste er at eg føler at eg må liksom fikse det her problemet når eg ikkje har gjort nokon ting. Og at eg føler at eg er teit som ikkje syns det er kult, eller altfor streng og alvorlig, eller at eg må seie noko for å stå opp for meg sjølv ellers er eg svak eller noko. Og oppi alt så blir eg bekymra for at du skal føle deg avvist frå meg og det er jo ganske rart. Uansett. Det var berre det eg ville seie. Vi kan snakke meir om det til helga om du vil.

Hei Lasse. så… det var ein ganske dramatisk start på veka da…