hugs at akkurat detta alltid er din favorittplass.
skrive namnet inn i treet eller noko. hugse det når du blir gammal. fordi du kan ikkje sjå nokon herfrå og ingen kan sjå deg og det er rart men det luktar noko heilt spesielt akkurat her. kan ein berre finne ein stad å sitte og legge frå seg alt og berre vere med tre og gras og det som er så fint med eg veit ikkje eg– natur er at den aldri pratar om meg eller stikker eller er kjip. dømmer ikkje liksom, bortsett frå kattar. dei dømmer meg alltid. men altså kven veit. kanskej dei har god grunn til det. håpa alt er ok med L han pleier jo å svare, ikkje at vi hadde noko konkret avtale, men vi snakka om å sjå kvarandre i helga. kanskje han misforstod. trudde det var neste helg eller noko. kanskje han berre har lagt frå seg telefonen litt. eg burde gjere det samme.