«Kven trur du at du er?» oppgåve norsk.

Ein kan komme med ei rekke begreip om ein skal definere seg sjølv slik denne oppgåva ber om. Ein kan seie noko om utsjånad, sosial status eller stjerneteikn. Ein kan leggje vekk på legning, kjønn eller kva heim ein har vokse opp i. Vi blir alltid bedt om å definere oss sjølve. Kven er eg eigentleg? I det siste har eg tenkt at eg aldri heilt får vite det. Ja eg kan henge delar av min personlegdom opp på knaggar på lik linje med alle andre. Og kvar av del vil vere riktig og kvar del vil fortelje noko, og ingen av delane vil eg skamme meg over. Men ingen vil klare å seie alt heller. Eg er ei rar, fargerik, pinleg, poetisk, skeiv jente frå bygda som seier feil til heile tida og av og til er valdsamt egoistisk og av og til er verdas snillaste. Eg får nokon til å smile og le og nokon til å gøyme hovudet i hendene og be meg vere stille. Eg brukte så lang tid på å tenke at eg burde vere stille og behagelig, vanleg, nokon alle kunne sjå på og tenke «der har du meg». Men no begynner eg sakte å forstå at alle treng ikkje heilt forstå meg og eg treng ikkje vere berre ein ting. Eg kan vere mange forskjellige ting på same tid og det som verkeleg gjer meg til meg, er det som skjer når eg møter andre folk. Eg har brukt så mykje tid på å tenke korleis eg er, og om det er bra eller dårleg. Men eg finnest jo ikkje i eit rom åleine med ein spegel.

Akkurat no ligg hovudet til min bestevenn og kvilar på skuldra mi.
Vi er på veg heim til påskeferie.
Ho siklar litt og.
Eg prøvar å sitte heilt i ro så ho kan sove.

Då eg møtte ho tenkte eg aldri at vi kom til å bli venner. Eg tenkte ho var ei populær jente som passa inn og brydde seg om klede og sminke og selfies. Og det var ikkje sånn at eg plutseleg fann ut at alt det var feil. At det var ei einaste stod misforståing. Nei det var faktisk riktig, men det var berre så mykje anna der også. Eit heilt univers eigentleg.
Når eg møtte ex-kjærasten min trudde eg at ho alltid visste kva ho ville og skulle og tenkte om alt mogleg. Og det var på ein måte sant og på ein måte ikkje. Eg skjønte at då ho virka sikrast, var da ho var mest usikker. Da ho beit tenna saman og insisterte på at verda skulle vere sånn som ho såg den var det fordi ho var redd. Og no som det er over, iallfall for no, tenker eg at eg har lært og vokst så mykje på grunn av ho. At det vonde ikkje sletta det gode men at eg lærte så mykje av å bli elska og at det var verdt det. For no er eg ein litt anna, og ho er litt anna medan vi fortsatt er oss sjølve. Sjølv om det gjer vondt gledar eg meg til å sjå ho etter ferien fordi eg kjenner eg faktisk ser ho no, og omvendt. Eg veit ikkje. Alle eg har møtt sidan eg flytta heimanfrå har vore akkurat den dei var ved første augekast og likevel så mykje meir. Og eg tenker at heile poenget med alt, om det skulle ha vore eit, var vel å skjønne at ingen heilt veit, og at ein skal vere raus med kvarandre, og ærlige og snille. At ein skal prøve å finne dei som er annleis enn seg sjølv, ikkje dei som er heilt like. Dei som er rare på sin måte. Alle er jo raringar. Eg veit ikkje kva som vil skje framover og kven eg vil ende opp med å vere. Nokre gonger ser eg for meg at eg har ledningar frå hjartet mitt ut mot mange andre hjarter som eg aldri ser. At det er som kraftliner som går over fjell og gjennom dalar. At dei ender ein stad der dei varmar nokon som eg kanskje aldri kjem til å møte. Eller slår på ljoset. Eller kanskje gir dei støyt så dei får vondt. Men at det i det minste er ei slags kopling der. Ikkje berre med dei eg er saman med kvar dag, men at lina går ut til stader eg aldri har vore. Kanskje er dei der for å dra meg i den retninga ein dag. At eg ein dag kjem til å få høyre historiene deira, kva dei tenker er riktig og galt, kva dei kjenner, kva som betyr noko for dei, kva som provoserer dei. Og eg veit ikkje kven eg heilt kjem til å ende opp med å vere om eit år, eller to eller ti. Men eg tenker at eg berre vil prøve å vere noko for nokon. At eg kanskje kan hjelpe nokon. Og at det er den viktigaste knaggen eg kan henge personlegdomen min på. At den eg mest av alt trur at eg er, er ein venn.