treng ikkje vere noko big deal
alle seier det ikkje er det
eit par ting frå googling
kommunikasjon er viktig
er ok å ombestemme seg
kondom (det er visst mykje gonore ute og går) pluss at ein baby kanskje ikkje er noko eg kan deale med akkurat no
(fann ein i stova, oppi ein kaffikopp, der det var kaffe. som noen berre «denne kaffen er så god at eg er redd eg får klammis» men var jo i innpakninga,s å vaska den så er det jo ok)

men alt det andre, om ein kunne kjenne korleis det kjennes
om ein kunne google med ein kroppsdel og så laste ned sånn korleis noko kjennes. Å sånn kjennes det å ta ei sprøyte. Sånn kjennes det å kaste opp. Sånn kjennes det å ha sex.
ææææææææææææææææææææææææææ. itshappening.