Legg igjen ein kommentar

%s er allereie registrert LOGG INN eller Legg inn.

Feil brukernamn / passord

Orsak, du må være logga på å legge inn en kommentar.

Velkomen til LOVLEGs kommentarfelt! Vi set utruleg stor pris på at du vil dele dine tankar om serien. Du kan vere så anonym som du berre vil her (du kan gi deg sjølv eit alter-ego f. eks Mr. Pants eller Queen of the Spiders). Vi kjem til å kikke på kommentarane før dei publiserast for å sjekke at dei følger reglane. Reglane er:

Ikkje skriv personopplysningar om skodespelarar eller andre.
Ikkje gå til personangrep.
Ikkje bruk stygt eller hatefullt språk.

Gjer du nokre av desse tinga blir ikkje kommentaren publisert. Prøv å tenke på alle i kommentarfeltet som vener du ikkje har møtt enda. Det tenker vi. Hei alle nye venner!

168 kommentarer

Eldste
Populære Nyaste Eldste
1
Vinkel

Ivar gjekk opp trappa for å finne rommet sitt. Festen var i ferd med å ta slutt. Han hadde prøvd å ha det gøy og vere underhaldande, ikkje bry seg om om Sara og Torstein som tydelegvis hadde tatt opp att tråden frå i vår. Inni seg ba han om at dei ikkje skulle kome opp i andre etasje i løpet av natta, men halde seg nede. Det var nok at han hadde sett dei, han trengde ikkje å høyre dei i tillegg.

Jakob Sande visste korleis det var, han. Å vere forelska i ei jente som ikkje vil ha deg, men ein annan. I årevis var han forelska i Haldis Moren Vasaas, skreiv brev til henne og håpa på at det skulle bli dei to. Også etter at ho var blitt saman med mannen sin, Tarjei Vesaas, var Jakob forelska i Haldis. Kanskje var det Jakob Haldis tenkte på då ho skreiv diktstrofa: «Den kjærleik som aldri vart liv, som aldri vart anna enn ein draum, kan vere den varigste».

Bortkasta tid å tenke på Sara. Han burde gjere noko for å kome over henne. Men kva.. Tomt for kiwiøl var det også no. Uansett, øl var ikkje god medisin for kjærleiksorg. Jakob Sande fekk faktisk store alkoholproblem etterkvart. Sjølv om han gifta seg med Solveig.

Uansett. Han og Gunnhild hadde hatt det kjekt på festen då han omsider fann høve til å deklamere ferdig diktet «Etter ein rangel». Det var tydeleg at ho hadde høyrt det før, for ho var med på spøken og fullførte setningar som han gløymde. La det til og med ut på instagrammen sin. Det kunne godt hende ho var ei jente som likte dikt og bøker like mykje som han. Han skjønte ikkje heilt kva som skjedde då ho vart sur og stakk. Kanskje han hadde prøvd for hardt; det der med å ha det gøy og vere underhaldande. Det var jo typisk han å starte med diktlesing, halde tale og slikt. Vart vel litt mykje for folk. På neste fest skulle han halde kjeft og heller prøve seg på dansegolvet slik som andre gjorde.

Ivar la hovudet på puta og let att augo. Det tok tid før han sovna. Det var ikkje så lett å setje ord på, men han hadde ei kjensle av både sorg og håp. Ting måtte jo endre seg. Det kunne ikkje gjere så vondt i årevis. Og det var det som er så fint med dikt, at når ein ikkje kan setje ord på kjenslene sjølv, så er det ofte en annan som har gjort det:
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

2
@vinkel

Vinklene dine tillegger virkelig klippene noe! De varierer mellom å være både morsomme, vakre og innsiktsfulle! Takk ?

3
Magisk

Dette klippet har jeg gledet meg veldig til. Det er rett og slett magisk.
Her presteres det på alle nivå. En ordentlig højdare i sesong 1 !

4

Ja! Det var enda finere enn jeg husket ???

5
Kunne det blitt

Alex og Gunnhild?

6
Gunnhild og Ivar kanskje ?

Da syns jeg heller at Gunnhild og Ivar ville passet mer sammen..... trur eg ..... ?
Men vet jo at Ivar ikke er så tiltrukket av Gunnhild at the moment 🙂

7
Alhild? Gunnex?

Nei!

De er finest som venner!

8
Mies Riwåtsj- torsdagsdikt nr 3

I fjorden og fjella og den hellige tang
Ble ei rar jente døpt av en rar gutt en gang
I hans stemme hun hørte en trøstende klang
og begynnelsen på deres vennskaps-sang ?

9
Stemmer det at...

... "Luna" og "Alex" er blitt kjærester i virkeligheten???? ???

Instagram skal ha det til det, ihvertfall! ?

10
Passer til nydøpte Gunhild også!

Passer til oss alle. Dette diktet er kåret til Norges beste dikt, faktisk, og det er Olav H. Hauge som har skrevet det.

11
Draumen

Takk, Vinkel!
Og tenk om Ivar og Gunnhild faktisk kunne funnet hverandre i interessen for dikt!

12
Siden det ikke er nytt klipp i dag, fredag:

Her er hvertfall Gunnhilds tanker etter festen (fra notatene):

tanke etter festen

å ta ein varm dusj
puste
vaske båt-søl utav håret
ta på pysj ogrydde
aldri møtt nokon sånn som a
gjekk og la seg
etter alt berre sånn
snakkast i morgon
som han gjer sånn kvar dag
kanskje gjer han det

13
Mer fra Gunnhilds notater dagen derpå :

veit ikkje kva eg skal si
s super fyllesjuk,og stressa eg veit jo korleis det kan vere. ho spurte fleire gonger om det var gøy fest. (for meg eller for andre?). eg berre takk for festen,god helg. det går jo bra, (gjorde jo det etterkvart). får jo ikkje med seg så mykje om ein kliner heile festen, (spørre ho om ho fekk puste, neida hehe). veit ikkje om ho ville forstått eller om eg kunne forklart til ho. helg.sove. rusle rundt. ringe heim, ete pizza sjølv om eg ikkje egentlig har råd. I need cheese.

14
Gler meg!

No har eg scrolla nedover og sett på overskriftene på klippa og må berre seie at eg gler meg skikkeleg til resten av rivåtsjen! Eg elskar desse folka!