Billie Eide Aktiv nå

10:12

Billie:
Kor er du?
Gunnhild:
Dro heim
Billie:
Ok. Skjønner. Altså syns ikkje du skal unngå ho, men detta var vel kanskje litt vel mykje?
Gunnhild:
Ja det skjønte eg. Blei ho forbanna?
Billie:
Nei. Berre satt ut trur eg.
Billie:
Sorry altså.
Gunnhild:
For kva da? Du tvang meg ikkje til å vere idiot.
Billie:
Føla eg har fucka opp. Ho ville at du skulle lese det diktet på konserten. Eg berre syns ikkje heilt det passa sjølv om det er kult. No virka det som alt berre eksploderte derfra. Men eg veit ikkje om du skjønner kor lei seg ho var når du stakk av. Altså eg skjønner at det var dritt for deg.
Gunnhild:
Ja det var faktisk ganske dritt. Ho ville berre at eg skulle lese det for å vere snill. Følte meg heilt patetisk.
Billie:
Ok, det er kjipt, men det berre virka ikkje sånn for meg. Ho slutta jo aldri å snakke om kor bra det var.
Gunnhild:
Men ho sa det. “eg ville at du skulle føle at du var med”
Gunnhild:
Altså ho sa ho ikkje “meinte det sånn” men liksom kvifor seier ho det da?
Billie:
Eg veit ikkje, eg var ikkje der. Men til meg foreslo ho at du skulle vere med som fast på alle konsertane våre. Så det føltes ikkje for meg som det var for å vere snill. Eg syns ikkje heilt det passa med sounden vår og eg syns ikkje det er ein god idé å blande kjæresta inn i sånne ting fordi det blir alltid noko drama av det. så blei vi einige om ein konsert. Ja, så veit du jo resten.
Gunnhild:
Og ho sa det ikkje til meg.
Billie:
ja det var dritt. heilt einig. Eg trur ho genuint tenkte at ho kunne overtale oss da. Ho prøvde faktisk heilt til vi gjekk på. men vi var dritstressa. Det var ganske dust å ikkje sei det, men eg berre meiner at det ikkje var for å vere slem. Eg berre meiner at
Billie:
Eg veit ikkje kva eg meiner. Dere burde snakke saman dere to. Eg trur eg skal halde meg unna. Trur eg har sagt nok eigentleg.
Luna Oksnes
Luna:
Hei. Ville berre sei det at når eg såg deg på skuleplassen så skvatt eg litt for eg har ikkje sett deg på ei veke og fortsatt går og tenker. Men ville berre sei at det var ikkje meininga å reagere sånn.
Gunnhild:
Nei det var min feil.
Luna:
Neida.
Luna Oksnes
Luna:
Eg ville berre sei at grunnen til at eg treng tid er fordi eg ikkje vil seie noko feil. Føles som eg alltid seier noko feil sjølv om eg ikkje meiner det. Så eg prøver å tenke gjennom kva som er riktig. Eg veit det er slitsamt. Eg visste berre ikkje at du hadde så mange problem med meg. Det er ingen unnskyldning kanskje, men det er grunnen. Det er iallfall sånn eg ser det, mogleg du ser det heilt annleis. Mogleg du har rett. Men det er alt det her eg tenker på. Unnskyld. Eg lovar å seie ifrå med ein gong eg har ting litt klart for meg, ok? Du kan be meg dra til helvete, eg forstår det og.
Gunnhild:
Men eg berre overreagerte. Det er ingenting feil.
Luna:
Men. Det er jo det. Billie seier eg har problem med å innrømme det når eg gjer feil og eg trur ho har eit poeng. Og da hjelper det ikkje om du berre seier at alt er ok.
Gunnhild:
Men kva om eg syns alt er ok?
Luna:
Om du verkeleg syns det så er jo det flott. Men akkurat no er det sånn eg har det. ok?
Gunnhild:
Ok
Alex M. Rey Aktiv nå

06:45

Gunnhild:
Har du tid til å hjelpe meg med ein ting?
Alex:
klokka er ikkje sju ein gong
Gunnhild:
Heilt ok om du ikkje kan altså. men det er veldig viktig.
Alex:
ok. Eg skal hjelpe deg.
Sara Årdal Aktiv nå

19:31

Gunnhild:
Sara:
Keleis tenesta dao? ?
Gunnhild:
Kan vaske kleda dine eller massere noko. Kanskje kjøpe ein ponni? ??
Sara:
Eg vil ha ein drage?
Gunnhild:
Det skal eg få til.
Sara:
Du trenge ikkje å vaske kledna mine
Sara:
Men dan dragen ska eg faen meg ha
Gunnhild:
#saramaofaoeindrage
Sara:
Yes! Dust at du teksta meg når eg sitte to meter frao deg.
Gunnhild:
Må jo vere offisielt. Pluss. veit ikkje om Alex er på rommet sitt og vi må snakke om det.
Sara:
Trur ikkje han e her. Men han kan ikkje meina da. Kan han?
Gunnhild:
Virka jo sånn.
Sara:
Eg orkakje.
Gunnhild:
Vi må finne ut av det.
Sara:
Ja.
Sara, Peter Messenger

21:03

Peter:
Sett Alex sin insta? Gidde ikkje at han skal gjere rommet sitt om til eit kunstprosjekt eller noko. Dere hugsa kva som skjedde sist gong.
Sara:
Seriøst?
Gunnhild:
Kor er du Peter?
Peter:
I garderoben.
Gunnhild:
Ok. Han sa i dag at han skal reise neste veke.
Sara:
Trur da e Alex sin versjon av ein faktisk annonse.
Peter:
På ferie?
Gunnhild:
Nei flytte liksom.
Peter:
NEI??
Gunnhild:
Jo han sa det.
Peter:
Kor da?
Gunnhild:
Sveits.
Peter:
Gunnhild:
Det er seriøst..
Peter:
Men seriøst? Han skal faktisk dra? Skal nokon andre flytte inn her?
Sara:
Nei da gidde eg ikkje. Kem ska likso ta øve da romme dao. Ikkje fan om eg gidde at nåken andre ska bu der.
Gunnhild:
Vi er nødt til å snakke saman. Vi tre. Kjem du heim i kveld Peter?
Peter:
Har lova å komme heim ein tur i kveld og kan ikkje avlyse. I morgon.
Gunnhild:
Bra ?
Redd Alex Messenger
Du har gitt gruppen navnet Redd Alex.

12:00

Gunnhild:
Nokon som har nummeret til foreldra til Alex?
Sara:
Eg tru eg har da pao telefonen. Ke dao?
Gunnhild:
Vi kan jo høyre med dei kva greia er.
Sara:
Ja da e kanskje ein idé.
Peter:
Men kva skal du seie da?
Gunnhild:
Berre sånn kor bestemt er det egentlig? Om dei har fått jobb der så må jo dei dra, men Alex MÅ jo ikkje dra. Berre sjekke opp det som er fakta.
Sara:
Sara Årdal >

12:02

Sara:
Sara:
Ver kul ok, ho e ganske fancy.
Gunnhild:
Kva meiner du fancy?
Sara:
Ho e som Alex med bedre eye-liner skills.
Gunnhild:
Ok.
Lily Mundal Rey >

12:45

Gunnhild:
Hei. Eg er ein av dei som bur saman med Alex og fekk nettopp vite at han planlegger å reise neste veke. Detta kom som eit sjokk på oss som bur her, og vi er jo glad i Alex og ser ikkje kvifor han må dra akkurat no, midt i skuleåret. Eg lurar på om alt er planlagt og låst, eller om det er ein moglegheit for at han kan komme ned seinare eller liknande? Med vennleg helsing Gunnhild Kvam.
Redd Alex Messenger

15:32

Gunnhild:
Ho har enda ikkje svart. Har nokon sett Alex?
Sara:
Nei? Kest e han?
Gunnhild:
Bra du spør fordi grunnen til at eg spurte var at eg visste det frå før og berre ville teste deg.
Sara:
Haha
Peter:
Har ingen aning.
Sara:
Men ha du prøvd å ringa?
Gunnhild:
Ja, men det var opptatt.
Sara:
Kanskje du mao skriva pao fransk. Berre for at eg e ganske sikker på at ho e fransk. Sa ho ikkje nåke på fransk den gangen ho var her Peter?
Peter:
Jo
Gunnhild:
Men sånn… Eg suge i fransk.
Peter:
Eg og. Vi skulle kanskje øvd meir saman.
Gunnhild:
Ja det gjekk jo kjempebra sist.
Sara:
Ke du skreiv dao? Berre putt da inn i google translate.
Gunnhild:
Ok.