13:20
Mamma:No har eg prøvd å ringe så mange gonger. Kan du ta telefonen? No såg eg at eg har fått beskjed om at du har skulka igjen. Kva er det du held på med eigentleg? Kva er viktigare enn skulen? Eg vil gjerne forstå di side av det, men det er ein grunn til at ein får advarslar. Så ein kan rette opp det som har skjedd og få ein sjanse til. Er det mykje festing? Eg veit det er mykje som skjer første semester med nye folk og alt, men skule er det viktigaste og det var jo også avtalen da vi diskuterte å la deg flytte vekk. Vi har ein bra vidaregåande her også, og eg lurar no på om det ikkje hadde vore bedre om du blei heime.
Gunnhild:Eg har ikkje festa og eg har ikkje skulka. Det er ein veldig god grunn til at eg var vekke. Eg lova å ta det igjen.
Mamma:Ja, ok. Kva er det da?
Gunnhild:Sorry, men eg kan ikkje si det.
Mamma:Eg er mor di og eg har all rett til å vite det. Du er under 18 fortsatt og det betyr at du ikkje er myndig og eg er fortsatt ansvarlig for deg. Vi har vist deg enorm tillit ved å la deg flytte ut men da forventar eg at du viser tillit tilbake.
Gunnhild:Eg har tillit. Eg lovar det ikkje er sånn som du trur.
Mamma:Om ikkje du kan seie det til meg så kan du iallfall seie det til nokon på skulen. Når du hugsa tilbake på den tida her så kjem nok minnene dine å vere alt som skjedde med venner og gutar og alt, og det du lærer på skulen er kanskje ikkje like sexy, men det er faktisk grunnlaget for moglegheitane du har seinare i livet. Vi har aldri vore strenge med deg, og vi har aldri satt noko press på deg, det einaste vi forventar er at du skal gjere ditt beste og du kan bedre enn det her.
Gunnhild:Eg veit. Og eg skal fikse det.