Alex M. Rey Aktiv nå

06:45

Gunnhild:
Har du tid til å hjelpe meg med ein ting?
Alex:
klokka er ikkje sju ein gong
Gunnhild:
Heilt ok om du ikkje kan altså. men det er veldig viktig.
Alex:
ok. Eg skal hjelpe deg.
Luna Oksnes
Luna:
Eg ville berre sei at grunnen til at eg treng tid er fordi eg ikkje vil seie noko feil. Føles som eg alltid seier noko feil sjølv om eg ikkje meiner det. Så eg prøver å tenke gjennom kva som er riktig. Eg veit det er slitsamt. Eg visste berre ikkje at du hadde så mange problem med meg. Det er ingen unnskyldning kanskje, men det er grunnen. Det er iallfall sånn eg ser det, mogleg du ser det heilt annleis. Mogleg du har rett. Men det er alt det her eg tenker på. Unnskyld. Eg lovar å seie ifrå med ein gong eg har ting litt klart for meg, ok? Du kan be meg dra til helvete, eg forstår det og.
Gunnhild:
Men eg berre overreagerte. Det er ingenting feil.
Luna:
Men. Det er jo det. Billie seier eg har problem med å innrømme det når eg gjer feil og eg trur ho har eit poeng. Og da hjelper det ikkje om du berre seier at alt er ok.
Gunnhild:
Men kva om eg syns alt er ok?
Luna:
Om du verkeleg syns det så er jo det flott. Men akkurat no er det sånn eg har det. ok?
Gunnhild:
Ok
Luna Oksnes
Luna:
Hei. Ville berre sei det at når eg såg deg på skuleplassen så skvatt eg litt for eg har ikkje sett deg på ei veke og fortsatt går og tenker. Men ville berre sei at det var ikkje meininga å reagere sånn.
Gunnhild:
Nei det var min feil.
Luna:
Neida.
Billie Eide Aktiv nå

10:12

Billie:
Kor er du?
Gunnhild:
Dro heim
Billie:
Ok. Skjønner. Altså syns ikkje du skal unngå ho, men detta var vel kanskje litt vel mykje?
Gunnhild:
Ja det skjønte eg. Blei ho forbanna?
Billie:
Nei. Berre satt ut trur eg.
Billie:
Sorry altså.
Gunnhild:
For kva da? Du tvang meg ikkje til å vere idiot.
Billie:
Føla eg har fucka opp. Ho ville at du skulle lese det diktet på konserten. Eg berre syns ikkje heilt det passa sjølv om det er kult. No virka det som alt berre eksploderte derfra. Men eg veit ikkje om du skjønner kor lei seg ho var når du stakk av. Altså eg skjønner at det var dritt for deg.
Gunnhild:
Ja det var faktisk ganske dritt. Ho ville berre at eg skulle lese det for å vere snill. Følte meg heilt patetisk.
Billie:
Ok, det er kjipt, men det berre virka ikkje sånn for meg. Ho slutta jo aldri å snakke om kor bra det var.
Gunnhild:
Men ho sa det. “eg ville at du skulle føle at du var med”
Gunnhild:
Altså ho sa ho ikkje “meinte det sånn” men liksom kvifor seier ho det da?
Billie:
Eg veit ikkje, eg var ikkje der. Men til meg foreslo ho at du skulle vere med som fast på alle konsertane våre. Så det føltes ikkje for meg som det var for å vere snill. Eg syns ikkje heilt det passa med sounden vår og eg syns ikkje det er ein god idé å blande kjæresta inn i sånne ting fordi det blir alltid noko drama av det. så blei vi einige om ein konsert. Ja, så veit du jo resten.
Gunnhild:
Og ho sa det ikkje til meg.
Billie:
ja det var dritt. heilt einig. Eg trur ho genuint tenkte at ho kunne overtale oss da. Ho prøvde faktisk heilt til vi gjekk på. men vi var dritstressa. Det var ganske dust å ikkje sei det, men eg berre meiner at det ikkje var for å vere slem. Eg berre meiner at
Billie:
Eg veit ikkje kva eg meiner. Dere burde snakke saman dere to. Eg trur eg skal halde meg unna. Trur eg har sagt nok eigentleg.
Billie Eide Aktiv nå

21:20

Gunnhild:
Det er ein ting eg har tenkt på. Eg veit det er lenge sida og at eg burde ha spurt før. Men kvifor fortalte du meg at Luna ikkje er ein kjæreste-person?
Billie:
Gjorde eg? Når da?
Gunnhild:
Etter huskonserten? Da vi blei saman.
Billie:
Åja.
Billie:
Ånei. Har du tenkt mykje på det?
Gunnhild:
Ja, eller litt.
Billie:
Sorry. Eg blei berre litt satt ut. Kom ut litt feil sikkert. Berre at eg har kjent Luna veldig veldig lenge og ho kjem ikkje nær så mange så fort. Var berre det eg meinte.
Gunnhild:
Men alle likar ho jo.
Billie:
Jaja, alle likar ho når ho står på scena. Men ho henger jo berre med meg, og deg da. Har du ikkje lagt merke til det? Ho er så sjukt redd for at folk kjem til å stikke om det viser seg at ho berre er ein shitty person som alle oss andre. Så ho prøver på ein måte å skjule det, og det gjer det vanskelig for folk også har i vi det gåande.
Gunnhild:
Nei det er ikkje sant, ho er ikkje shitty.
Billie:
Men det var ikkje poenget.
Billie:
Ingen er det. Og alle er det. På ein måte.