Lasse Feios Aktiv for 2 t siden

17:11

Gunnhild:
E på bussen. Savner deg sånn. ?Første uka starta ganske dritt men tanken på å sjå deg gjer meg glad. Dei tok klassebilde og portrett i går og eg var ikkje der så no er eg for alltid ein grå firkant, som om eg er spøkelset til Svampebob. Eg ser deg i helga sant? Ok at eg legg ut bilete av oss på insta? ?
Sara Årdal Aktiv nå

21:33

Sara:
KEM E DA DU HA LAGT UT BILDE AV PAO INSTA? ??
Gunnhild:
Det er kjæresten min. Har eg ikkje sagt at eg har kjæreste?
Sara:
NEI! Herregud. HELDIG!! ?
Gunnhild:
Takk. Gleda meg til å sjå han i helga ?
Sara:
Da hadde eg aldre trudd om deg ???
Gunnhild:
kva da?
Sara:
Berre at du virka singel. skjønna at du legge ut bilde, berre slek “sjao på han her” ?
Gunnhild:
Okei! Men eg legger det ikkje ut for å skryte. Og eg introduserer meg ikkje sånn "hei eg heter Gunnhild eg har ein kjæreste". Er min egen person og.
Sara:
ja. va ikkje sånn meint... Meinte da potisivt
Sara:
positit*
Sara:
FAKK!!
Sara:
POSITIVT**
Gunnhild:
?Ja sjølvsagt. sorry. Eg blei bare redd for at folk skal tru at eg liksom er ein sånn som berre må leve gjennom kjæresten.
Sara:
Nei da tenkte eg ikkje. Du får kosa deg. Sjaoast søndag da ?
Lasse Feios Aktiv for 5 t siden

13:32

Gunnhild:
Hallo? Er du her?
Lasse Feios Aktiv nå

21:03

Lasse:
Sorry! Eg måtte hjelpe Kåre på hytta og det er så jævla dårlig dekning.
Gunnhild:
ok, går bra. Hadde berre lyst til å sjå deg. ???
Lasse:
Ja, det var litt krise, bare. Han tvang meg nesten. Skulle mykje heller vore med deg enn å deale med utedo.. Men neste helg er eg all yours! Birthday Girl. ??
Gunnhild:
Ja gler meg. ??
Lasse:
Delar av meg gledar seg litt meir enn andre ?
Gunnhild:
kva meiner du?
Gunnhild:
Å. Skjønte det. Haha.?
Lasse Feios Aktiv nå

17:08

Gunnhild:
Så... det var ein ganske dramatisk start på veka da...
Lasse:
kva meiner du?
Gunnhild:
Ha ha... prøver du å få meg til å seie det? Eg har gøymt meg under dyna så flaut var det.
Lasse:
ok, om du ikkje vil snakke om det så er jo det heilt ok. Men blir jo litt nysgjerrig da ;) spesielt om du er under dyna.?
Gunnhild:
Du blir nysgjerrig? er jo ganske obvious?
Lasse:
det er jo så mykje du blir flau av.
Gunnhild:
Ja, men dette var jo litt spesielt.
Lasse:
det er sikkert ikkje så ille som det virker for deg.
Gunnhild:
Kødder du?
Lasse:
ehm.. Ja? Alt eg gjer er jo kødd ?
Gunnhild:
Å. Ok. Du meiner det var bare på tull liksom?
Lasse:
bortsett frå at eg saknar deg no, det er ikkje kødd. ???
Mamma 💖💕💕 >

18:10

Mamma:
Gunnhild, kan du ta telefonen? Eg fekk ein ganske forstyrrande telefon frå skulen. Eg veit du ikkje vil eg skal legge meg opp i denne kjærasten din, men at du får bilete av han... altså du sa til meg at dere ikkje hadde den type relasjon siden du trass alt er femten år. Og eg tenkte i mitt stille sinn at jaja, no er det mogleg ho held noko tilbake frå deg, men om noko var gale eller ubehagelig så ville ho sagt det. Men no byrjar eg å lure litt. Dette er ganske ubehagelig oppførsel frå hans side. Eg vil at du skal vite at du kan snakke med meg sjølv om du tenker at det er flaut eller vanskelig. Eg dømmer ikkje deg, eg vil berre vite kva du tenker om dette. Eg har og opplevd mang eit upassande augonblink i mitt liv og eg veit korleis det kan kjennes. Eg veit det er ein heilt ny verden no med snapchats og alt, men for å si det sånn eg har sett nokre uoppfordra penisar i mitt eige liv og det kan vere veldig ekkelt. Og om du ville at han skulle sende det, og dere har den type relasjon no så kan du snakke med meg om det og. Eg antar at det ikkje var planlagt siden læraren din såg det. Uansett. Eg er ikkje sint eller noko sånt. Vil berre vite at du har det ok.
Gunnhild:
EG HAR DET OK. Eg kan berre ikkje snakke no. Det var ein spøk, ein veldig teit ein. Berre ikkje gjer ein stor greie ut av det. Eg har det ok.
Mamma:
Men du tenker kanskje at du må syns at det er kult eller morsomt, men du må ingenting.
Gunnhild:
Eg må ikkje tenke sånn som du tenker heller. Eg syns ikkje det var kult eller morsomt, men det går bra. Eg må gjere lekser no ok?
Mamma 💖💕💕 >

21:43

Gunnhild:
Lasse slo opp, så da er du vel fornøgd
Mamma:
Å, gud. Vennen eg veit at det gjer vondt, men han var jo ikkje bra nok for deg.
Gunnhild:
Han er den einaste som nokon gong har likt meg.
Mamma:
Men du veit, eg møtte jo ikkje far din før eg var eldre og visste meir kva dei ville. Folk var aldri interessert i meg før eg var i tjueåra, men da var det mykje fleire og bedre gutar som likte meg.
Gunnhild:
OK. SÅ BRA FOR DEG DA
Mamma:
Ok, eg skal la deg vere i fred. Men du kan ringe når som helst. Du kjem heim til helga sant?
Gunnhild:
Nei. Han er jo der.